01 november 2007
[logg inn]


Søk etter:  i

Lokalforskingsprogrammet 2002-2005

HSF hadde eit eige Lokalforskingsprogram i åra 2002-05. Det vart då i alt tildelt kr 1.648.000 til i 38 ulike prosjekt. Summane varierte frå kr 10.000 til kr 75.000. Fou-utvalet stod for tildelingane.

Det ligg no føre ein rapport som oppsummerer programmet. Rapporten er skriven av fou-leiar Georg Arnestad. Rapporten drøftar erfaringane med programmet, og ser dette i samanheng med praksis for tildeling av fou-ressursar på avdelingane. Rapporten presenterer også eit oversyn over dei 38 prosjekta som vart tildelte midlar dei fire års LFP eksisterte. Rapporten vert avslutta slik:

"Ei ubyråkratisk ordning med høve til å søkje institusjonen om småmidlar til gode fou-prosjekt, ville vere ei rimeleg fornuftig ordning, slik LFP fungerte i 2002-2005. Men slik den økonomiske situasjonen er i dag, kan denne potten berre gjenopprettast ved å skjere i fou-løyvinga til avdelingane. Og med dei store strategiske fou-satsingane vi no skal gjere på avdelingsnivå, er dette ei lite heldig løysing.

Men kanskje finst det nokre andre postar på institusjonsnivå ein kunne kutte på? Slik at det vart mogleg å skaffe til veges 500.000 eller så til eit revidert Lokalforskingsprogram.

Sjølv tykkjer eg at behovet for ein fri forskingspott à la LFP er til stades. Ordninga har stort sett fungert bra. Kvalitetskontrollen har vore rimeleg god. Prosjekta har gitt forholdsvis bra utteljing. Spørsmålet om gjeninnføring av ein slik fri pott bør derfor vurderast på nytt."

Du kan lese heile rapporten her:

Fou-utvalet behandla rapporten på sitt møte i juni 2007. Utvalet gjorde følgjande vedtak:

"Utvalet takkar fou-leiar for ein utførleg rapport om Lokalforskingsprogrammet. Utvalet ser behovet for ein fri pott til fou-prosjekt, og vil kome tilbake til dette i sine innspel til budsjettet for 2008."

Kanskje vert Lokalforskingsprogrammet relansert, i ny form, i 2008?



Sist endra av: Georg Arnestad, 03. juli 2007 13:14:32
Publisert av: Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 12:17:35

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane