15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Om pensum Utskriftsvennleg versjon

Pensum består av bøker og artiklar. Artiklar og utdrag av bøker er samla i kompendium som de får kjøpt ved frammøte på første samling. Dei fire pensumbøkene vil Opplæringskontoret for off. sektor bestille til dykk i fellesskap, og de vil få informasjon om kor de skal kjøpe bøkene når kurset startar.

Anne Vinther Schmidt, Ingrid Schmidt og Anette Perrild: Praktikvejledning i social- og sundhedsuddannelserne

Vi anbefalar at du les denne boka først. Boka er lett å lese sjølv om teksten er dansk. Den gir ein god og praktisk oversikt over viktige rettleiingsoppgåve for den som er rettleiiar ( fadder). Den inneheld mange gode eksempel og gjer gode råd.

Kjell Andersen: Innføring i mesterlære, yrkesdidaktikk og veiledning

Ordet ”meisterlære ” har sitt utgangspunkt i den handverksmessige opplæringa av sveinane på 1800- talet, meister- svein- tilhøvet. Meisterlære har det praktiske arbeidslivet som læringsarena. Målet med boka er å gje ein innføring i emnet og å vurdere i kva grad kunnskap og erfaring frå meisterlæra kan styrke yrkes- og profesjonsutdanningane i dag.

Didaktikk er eit begrep innan pedagogikken som handlar om korleis ein legg til rette for og korleis ein gjennomfører undervisning, rettleiing og formidling. Boka gjev ei innføring om begrepa læring og rettleiing og skapar føresetnader for å kunne planlegge rettleiingpå ein profesjonell måte. Ho inneheld ei rekkje praktiske eksempel på konkret planlegging, gjennomføring og evaluering av rettleiingsprosessar i ulike typar opplæring.

Denne boka vil gje deg ein god oversikt over viktige emnet i dette kurset og vi anbefalar at du les denne før du les Aalberg, som er ei noko tyngre bok.

Thore K. Aalberg: Individuell veiledning

Boka inneheld eksempel frå den praktiske kvardagen som rettleiaren kan møte. Dette gjer til at rettleiaren lettare kan kjenne igjen situasjonen ogpå den måten gje retteleiaren eit betre grunnlag for å reflektere over korleis rettleiaren møter den som treng rettleiing/ studenten. Målet med dette er å gje rettleiaren fleire val når det gjeld rettleiing. Boka legg vekt på refleksjon omkring rettleiinga og korleis kjensler og intuisjon kan påverke rettleiingssituasjonen.

Irena Damgaard og Helle Nørrelykke: Den personlige samtalen

Boka beskriv generelle føresetnader for gode profesjonelle og personlege samtale. Kunsten å lytte, evnen til å akseptere og respektere den ein snakkar med, rådgjeving, rettleiing, spørjeteknikkar og kor viktig det er å vere tydeleg i sitt bodskap, er emne som vert tekne opp. Boka er nyttig og viktig for dei som møter menneske i sitt daglege arbeid. Å ha evne til god kommunikasjon er naudsynt ikkje minst innan helsevesen, skule og sosialtenesta.


Sist endra av: Tone Skjerdal, 15. juni 2006 13:28:55
Publisert av: Tone Skjerdal, 15. juni 2006 13:22:08

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane