Hopp til innholdMeny

Norsk 2, 1-7

Ønskjer du ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis? Då bør du velgje dette studiet. Du får ei utvida, forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap og fagdidaktikk, og arbeider med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar.

Barneskuleelev som les bok, med anna elev i bakgrunnen.

Studieinnhald

Studiet byggjer på Norsk 1 i grunnskulelærarutdanninga etter rammeplan av 2010.

Du lærer om

  • tekst og danning – norskfaget gjennom tidene
  • multimodale læremiddel i begynnaropplæringa
  • biletbøker/barnebøker i historisk perspektiv
  • skrivepedagogikk – rettleiing og vurdering av elevtekstar
  • det munnlege – munnlege tekstar, forteljing og dramatisering
  • den andre lese- og skriveopplæringa – lesestrategiar og motivasjon

Du vel i tillegg eit av desse fordjupingsemna:

  • Samansette tekstar i undervisningssamanheng
  • (Barne)litteraturhistorie
  • Tilpassa opplæring i begynnaropplæringa
  • Lesing og leserettleiing

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den! 

Undervisningsmåtar

Studiet er samlingsbasert, med obligatorisk oppmøte. Vi har forelesingar, oppgåvearbeid, diskusjonar, studentpresentasjonar, gruppearbeid og undervisning i grupper med ikt som hjelpemiddel.

Mellom samlingane vil kommunikasjonen gå føre seg gjennom e-læringsverktøyet Fronter.  

Sjå samlingsdatoar

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
1 år deltid
Studiepoeng:
30
Nivå/grad:
Vidareutdanning
Opptakskrav:
Lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, førskulelærar, faglærar eller praktisk pedagogisk utdanning). Tilleggskrav: Norsk 1 eller tilsvarande.
Studiekode:
216 1011
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.08.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak