Pedagogisk leiing
Pedagogisk leiing er ei vidareutdanning for deg som er førskulelærar, og som ønskjer å styrke kompetansen din som pedagogisk leiar i barnehagen. Studiet er ei fordjupingseining i barnehagelærarutdanninga.
Studieinnhald
Det er ikkje opptak til dette studiet i 2015.
Studiet fokuserer på tre arbeidområde: Barnehagen som organisasjon, pedagogisk leiing og kritisk refleksjon og samarbeid.
Sentrale tema er
- barnehagen som utdanningsinstitusjon både internt og i eit større samfunnssystem
- organisasjonsteori og organisasjonskultur
- leiing, leiingsteoriar og leiarrolla i barnehagen
- barnehagen som systematisk læringsarena
- ulike dokumentasjonsformer og dokumentasjon som grunnlag for systematisk didaktisk arbeid og refleksjon
- samarbeid på tvers at etatar og profesjonar
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Vi har fellessamlingar, gruppearbeid, sjølvstudium, rettleiing og skriftlig arbeid.Du har også to veker praksis. Det er obligatorisk oppmøte.
Mellom samlingane vil kommunikasjonen gå føre seg gjennom e-læringsverktøyet Fronter.
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 1 år deltid
- Studiepoeng:
- 30
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Førskulelærar/barnehagelærar eller tilsvarande.
- Krav om politiattest
- Studiekode:
- 216 1565
- Søknadsfrist: