Hopp til innholdMeny

Psykososialt arbeid med barn og unge

Dette er ei vidareutdanning for deg som ønskjer å arbeide med barn, ungdom og unge vaksne i alderen 0 til 23 år, som treng at du ser dei litt ekstra.

Ung tankefull gut som ser i kamera

Studieinnhald

 Studiet inngår som eit tiltak i Regjeringa sin strategiplan for barn og unge si psykiske helse, og er eit oppdragsstudium frå Helsedirektoratet. Vi tar atterhald om finansiering frå direktoratet.

Du lærer om

  • barn og ungdom si psykiske helse, risiko og motstandsfaktorar
  • forhold i lokalsamfunn, barnehage/skule, helse og sosialtenesta som fremjer god psykisk helse
  • ulike psykososiale problem og psykiske lidingar, og korleis identifisere og kartlegge slike forhold
  • samhandling med barn og ungdom og deira foreldre/føresette
  • helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeid
  • tverrfagleg samhandling og lokalt prosjektarbeid

Dersom du er kommunalt tilsett, kan kommunen søke tilskot til dekking av lønskostnader i samband med vidareutdanninga.  

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den! 

Undervisningsmåtar

 Du lærer gjennom forelesingar, rollespel, oppgåveskriving, prosjektarbeid og gruppearbeid. Undervisninga er organisert med tre samlingar á fire dagar per semester. I tillegg skal du delta i 40 timar grupperettleiing. 

Mellom samlingane vil kommunikasjonen gå føre seg ved hjelp av e-læringsverktøyet Fronter.  

Opptakskrav

  • Bachelorgrad (180 studiepoeng) i barnevern, helse og sosialfag, medisin, lærar, førskulelærar, pedagogikk, politiarbeid eller psykologi. Søkjarar med anna relevant høgare utdanning på tilsvarande utdannings- og praksisnivå kan etter særskilt vurdering bli tatt opp.
  • To års relevant yrkespraksis frå direkte arbeid med barn og/eller ungdom etter fullført utdanning, eller at noverande stilling er knytt til barne- og ungdomsarbeid med minimum 50%.

Begge krava må vere oppfylt.

Emne 4 (PS 105) i dette studiet er godkjent som valfritt emne i Master i samhandling innan helse- og sosialfag.

Les om masterstudiet

«Det var stor breidde i tema og type forelesarar, og vi fekk presentert ny teori på fleire felt. Alt var nært knytt opp til praksisfeltet. Medstudentar frå ulike yrkesgrupper gjorde at eg fekk bli betre kjend med korleis andre tenkjer og arbeider.»

- Doris Christensen, tidlegare student

Fakta om studiet

Studiestad:
Førde
Studielengd:
2 år deltid
Studiepoeng:
60
Nivå/grad:
Vidareutdanning
Opptakskrav:
Sjå innhaldsfeltet. 
Studiekode:
216 1616
Søknad frå:
01.02.2016
Søknadsfrist:
15.04.2016

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak