Hopp til innholdMeny

Rettleiing og mentorutdanning 2

Dette studiet passar for deg som er praksislærar ved høgskulen sine praksisplassar, eller for deg som ønskjer å kvalifisere deg vidare som rettleiar for nyutdanna lærarar i skule og barnehage. Studiet er eit samarbeid med Høgskulen i Volda.

jente sittande i biblioteket

Studieinnhald

Studiet handlar om ulike strategiar, teoriar og metodar for rettleiing som utgangspunkt for kompetanseutvikling. Kompetanseutviklinga er knytt til studentar si kvalifisering i utdanninga, og som rettleiing av kollegaer og/eller nyutdanna lærarar. Emnet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå i skule og barnehage.

HiSF arbeider med å utvikle faste høgskulepraksisbarnehagar som føreset praksislærarar med 30 studiepoeng innan feltet rettleiing.

Du lærer om

  • Forholdet mellom rettleiing og praksisopplæring
  • Nyutdanna sine vilkår og utfordringar i skule og barnehage
  • Etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing
  • Korleis du kan støtte og utfordre studentar og nyutdanna i deira læring og i å delta i kollektive læringsprosessar
  • Rettleiing som grunnlag for læring i skule og barnehage

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den! 

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, øvingar på rettleiing, studentpresentasjonar og diskusjonar. Vi vektlegg høg deltakaraktivitet og bruk av studentane si yrkekserfaring. Du deltar i nettverksgrupper der du kan få rettleiing/rettleie andre samt drøfte faglege problemstillingar.

Det er obligatorisk frammøte. Mellom samlingane vil kommunikasjonen gå føre seg ved gjennom e-læringsverktøyet Fronter.

Tidspunkt for samlingane for dei som startar våren 2015 

 

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
½ år deltid
Studiepoeng:
15
Nivå/grad:
Vidareutdanning
Opptakskrav:
Studiet byggjer på fullført eksamen i emnet Rettleiing og mentorutdanning 1 (15 sp) eller Rettleiing innføringskurs (15 sp).
Studiekode:
216 1541
Søknadsfrist: