Sosialt arbeid - sosionom
Vil du jobbe med menneske som treng støtte i ein vanskeleg livssituasjon? Som sosionom arbeider du med menneske med ulik alder og bakgrunn som treng råd og rettleiing for å takle ein tøff kvardag.
Studieinnhald
Du lærer å analysere sosiale problem og vurdere og sette i verk relevante tiltak i samarbeid med brukarar og samarbeidspartnarar.
Du lærer om
- kva som skapar og opprettheld sosiale problem
- kva rettigheiter folk i vanskelege livssituasjonar har
- planlegging, førebygging og iverksetting av tiltak for å redusere sosiale problem
Du har emne som jus, samfunnsfag, psykologi og sosialt arbeid.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid, rollespel, presentasjonar med meir. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.
Du har praksis i heile vårsemesteret i 2. studieår.
Veit du at du kan ta emnet Global Knowledge, og ha praksis i Zambia?
Veit du at Studiebarometeret viser at våre studentar er blant landets mest fornøgde sosionomstudentar?
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 3 år
- Studiepoeng:
- 180
- Nivå/grad:
- Bachelor
- Opptakskrav:
- Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
- Krav om politiattest
- Poenggrense ved siste opptak:
- Ordinær kvote: 40,8. Kvote for førstegangsvitnemål: 38,1
- Studiekode:
- 216 080
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015