Hopp til innholdMeny

Tilgang utanfrå

Arbeider du heimanfrå eller utanfor datanettet til HiSF? Som student eller tilsett ved HiSF, kan du likevel få tilgang til biblioteket sine databasar.

Høgskulen i Sogn og Fjordane si løysing for tilgang utanfrå er oppkopling via VPN (virtuelt personleg nettverk). Dette vil gi deg tilgang til dei fleste abonnementsbaserte tenester frå biblioteket - som til dømes databasar og digitale ordbøker.

Nokre tenester (nokre få tidsskrift, aviser og Lovdata online) må ein likevel ha brukarnamn og passord for å få tilgang til. Desse vil du finna i Fronter under biblioteket si oppslagstavle.

For helsefaglege databasar kan du (alternativt til VPN) registrere deg direkte, individuelt, i Helsebiblioteket for å få tilgang deira basar td Amed, Embase og PsycINFO.
Gå til Helsebiblioteket, øvst til høgre ligg inngangen for å registrere seg. Hugs å fylle ut studiestad og studentnummer!