Ungdomssosiologi
Kva kjenneteiknar ungdomstida, og kva påverkar liva til unge menneske? Årsstudium i ungdomssosiologi gir deg innsikt i unge sine oppvekstvilkår. Studiet passar for deg som er interessert i samfunnet, og særleg ungdomsproblematikk.
Studieinnhald
Studiet fokuserer på korleis kjønn, sosial klasse, familie, nærmiljø, vennskap og media påverkar overgangsfasen frå barn til vaksen.
Du lærer om
- kva utfordringar og forventningar som møter unge i dagens samfunn
- kva forhold i familien, skulen, vennegjengen, nærmiljøet og samfunnet som forklarer ulik meistring
- sosiologifaget og samfunnsvitskapleg og historisk metode
Årsstudiet utgjer første år av bachelor i sosiologi - ungdomssosiologi ved HiSF.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, skriftleg arbeid med rettleiing, seminar- og gruppearbeid. Det er lagt opp til mykje sjølvstudium.
Veit du at dette studiet er nyttig som tilleggsutdanning for barnevernspedagogar, sosionomar og lærarar?
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 1 år
- Studiepoeng:
- 60
- Nivå/grad:
- Årsstudium
- Opptakskrav:
- Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
- Poenggrense ved siste opptak:
- Ordinær kvote: Alle kvalifiserte. Kvote for førstegangsvitnemål: Alle kvalifiserte
- Studiekode:
- 216 351
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015