Hopp til innholdMeny

Vernepleie, samlingsbasert deltid

Ønsker du å legge til rette for god livskvalitet for menneske med spesielle behov? Bachelor i vernepleie gir deg både miljøterapeutisk og helsefagleg kompetanse til å arbeide med menneske med samansette funksjonsvanskar. Deltidsstudiet er samlingsbasert, med vekesamlingar.

Møt ein student og ein lærar på vernepleieutdanninga.

Studieinnhald

Studiestart er januar 2016.

Brukarane du jobbar med som vernepleiar kan vere personar med psykisk utviklingshemming eller funksjonshemming, eller personar i psykiatrien og eldreomsorga.

I studiet lærer du

  • å sjå og forstå behov hjå menneske med samansette funksjonsvanskar
  • å analysere etiske problemstillingar
  • å kommunisere og samarbeide med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • å planlegge og sette i verk tiltak for brukaren si deltaking i samfunnet

Du har tverrfaglege emne som miljøarbeid, habilitering og rehabilitering, helsefag, psykologi, jus, samfunnsfag og pedagogikk.

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den! 

Undervisningsmåtar

Studiet er samlingsbasert, med rundt fem vekesamlingar per semester. Du lærer gjennom forelesingar, seminar, presentasjonar, praktiske øvingar med meir. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Ein tredjedel av studiet er praksis. 

Veit du at du også kan ta studiet på heiltid?

Les om heiltidsstudiet

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
4 år deltid
Studiepoeng:
180
Nivå/grad:
Bachelor
Opptakskrav:
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. 
Krav om politiattest
Studiekode:
216 061
Søknad frå:
01.09.2015
Søknadsfrist:
01.11.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak