Fritekst Person

Hegraseminaret 2007

13.09.2007
Copyright: John Erling Blad
(John Erling Blad Creative Commons)
Hegraseminaret er eit årvisst seminar for diskusjon av aktuelle historiske, samfunnsvitskaplege og politiske spørsmål fram mot 200-årsjubileet for Eidsvollsgrunnlova i 2014.
Seminaret er arrangert av fagmiljø ved Høgskolen i Sør-Trøndelag og Noregs Teknisk Naturvitskaplege Universitet med gode samarbeidspartnarar utanfor utdannings- og forskingsinstitusjonane. Målgrupper for seminaret er fagmiljø og studentar ved universitet og høgskular, historie- og samfunnsfaglærarar i skuleverket og den historisk- og politisk engasjerte ålmenta.

Fram mot 200-årsjubileet for Eidsvollsgrunnlova i 2014, vil saker som handlar om tilstanden i vårt nasjonale og lokale demokrati, og om korleis me har teke vare på og vil ta vare på, forvalta, vidareutvikla og endra dei verdiane som Eidsvollsgrunnlova uttrykte på ulike samfunns- og politikkområde og i møtet med samtidas og framtidas utfordringar (for eksempel dei som er skisserte i makt- og demokratiutgreiinga) - vera ein raud tråd gjennom programma for Hegraseminaret. 200-årsjubileet aktualiserer ogso diskusjon om Noregs plass og rolle i det internasjonale samfunnet opp i mot utfordringar og konfliktliner i internasjonal politikk. Difor vil norsk utanriks- og tryggingspolitikk og ha ein naturleg plass på Hegraseminaret.

Program
Hegraseminarets grunnlagsdokument

Afghanistan på Hegra festning (Høgskoleavisa)
Historisk seminar på festningen (Trønder-Avisa)

HiSTHøgskolen i Sør-Trøndelag  * 7004 Trondheim * Tlf.: 73 55 90 00 * Faks: 73 55 90 51  * E-post: postmottak@hist.no
HiST Høgskolen i Sør-Trøndelag
7004 Trondheim
Tlf.: 73 55 90 00
Faks: 73 55 90 51
E-post: postmottak@hist.no