4D-visualiseringslaboratorium

Oppbygging av laboratoriet starta i studieåret 2006-2007 som ein del av FoU prosjektet "Sanntids 3D-datainnsamling og -visualisering av menneskeleg rørsle i komplekse omgivnader".

Utstyr

Laboratoriet er godt utstyrt med videokamerasystem og "Motion Capturing System for lab". Oversikt over utstyr kan du finne her: [vislab_utstyr]

Aktivitetar

Det foregår mykje spanande på laboratoriet relatert til analyse av rørsle og visualisering:

strekmann R3DCV: Real-time 3D Data Capturing and Visualization of Human Motion in Complex Environments
vislab7 Three-dimensional motion capturing of ski jumpers using multiple stationary video cameras
trsimcred TrondheimSim: Simulering og 3D-visualisering av Trondheim.

 

Videosnutter fra laboratoriet.

 

Bruk

Analysar av rørsler er nyttig på mange ulike område.

  • Innan helse og fysioterapi blir slike analysar brukt for å studere motorisk atferd som følgje av muskelliingar eller nevrologiske liingar.
  • Innan sport kan analysar av rørsler brukast for å hjelpe utøvaren til å finpusse teknikk og trening for å oppnå betre resultat i konkurranser (til dømes skihopping)
  • Flygare kan bruke optiske hjelmar som til einkvar tid kalkulerer og reknar ut posisjon og orientering til hjelmen i forhold til cockpiten. Retninga til hjelmen styrer då kva piloten til einkvar tid ser på eit display (til dømes visir til hjelmen).
  • Navigasjonssystem for industriell skanning. Døme: Det er naudsynt at ein flyvinge må bli skanna i fleire omgongar (ein skannar er for liten til å skanne heile vingen i ein operasjon). Deretter blir det utført nøyaktige utrekningar og posisjonering slik at dei einskilde delane av flyvingen kan settast saman til en heilskap utan synlege skjøytar.
  • 3D-animiasjon - visualisering av menneskeleg rørsle blir stadig meir utbreidd i spelindustrien og i animasjonsfilmar. Evna til å utforme verkelege menneskelege rørsler er eit kriterium på kvalitet til dømes i eit spel eller i ein film.

Høve for studentar for ta del i prosjekt

Fleire faglege tilsette er knytta til laboratoriet og for studentar, spesielt på dataingeniørstudiet, er det mogeleg å vere med på ulike små og større prosjekt. Det er utvikla fag innan området grafikk og 3D-programmering som studentane kan ta som ein del av studiet sitt.

 

Samarbeidspartnarar:

brand kongsberg olt-logo logo_da

logoFB logo-ntnu geomatics

Institutt for informatikk og e-læring (IIE)
Høgskolen i Sør-Trøndelag
E. C. Dahls gate 2. (3 etg.)
7004 Trondheim
Norge

Kontaktpersoner:

Jan H. Nilsen
Telefon: +47 73 55 95 75

Grethe Sandstrak
Telefon: +47 73 55 95 61

Else Lervik
Telefon: +47 73 55 95 50

Mildrid Ljosland
Telefon: +47 73 55 95 56

Tomas Holt
Telefon: +47 73 55 95 70

HiST på facebook
Utskrift
Del eller legg til som bokmerke