Studiet er eit eittårig påbyggingsstudium der du kan fordjupe deg i folkemusikken og bli i stand til å formidle den.
Studiet har ein fellesdel og ein fordjupingsdel, kvar på 30 studiepoeng. Studiet svarar til andre året av bachelorstudiet i Folkemusikk.
Organisering
Fellesdelen i studiet tek opp folkemusikken som kulturpolitisk og historisk fenomen, og i fordjupingsdelen kan du velje mellom utøvande og allmenn formidling eller arkiv- og innsamlingsarbeid.
Studiet har tema som folkemusikkformidling, arkivarbeid og innsamling, utøving, satslære og arrangering, folkemusikken og samfunnet, tradisjonskunnskap og kjeldebruk.