Studiet gjev ei grunnleggjande innføring i norsk og nordisk språk og litteratur frå mellomalderen og fram til i dag, i eit breitt kulturelt perspektiv.
Studiar i norsk gjev deg kompetanse i kommunikasjon, språk og litteratur.
På årsstudium i norsk underviser vi i følgjande emne:
Det er mogleg å ta enkeltemne frå studiet både i haust- og vårsemesteret.
Det er og mogleg å ta emne som "Fantastisk litteratur" og "Nynorsk før og no" ved sida av eller etter norsk årsstudium.
Undervisningsformene er forelesing og seminar.
Meir informasjon om våre studium i norsk finn du i studieplanen.
Studiet kvalifiserer for norskundervisning i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Det gjev god bakgrunn for arbeid i massemedium. For å nytte utdanninga i skulen må du ha praktisk-pedagogisk utdanning i tillegg. Studiet går inn i Litteratur og språk, bachelor med fordjuping i norsk, eller det kan vere del av andre bachelorgrader.