Studiet gjev ei grunnleggjade innføring i norsk og nordisk språk og litteratur frå mellomalderen og fram til i dag, i eit breitt kulturelt perspektiv.
Studier i norsk gjer deg kompetanse i kommunikasjon, språk og litteratur.
Dei fire emna som utgjer studiet omfattar mellom anna slike tema:
Norsk årsstudie er bygd opp av fire avsluttande kurs, som alle kan takast enkeltvis. Det er 2 samlingar i Bø i semesteret, ca 15 forelesingar (audio/video) på nettet, rettleiing i samtalerom og epost samt oppgåver og anna undervisning på nettet.
Våren 2015 er det emnet "Litteratur etter 1900" som går. Det er følgjande to samlingshelgar: 16. og 17. januar og 17. og 18. april. Samlingane er ikkje obligatoriske. Hausten 2015 går emnet "Språket i utvikling og variasjon".
Dette er IKKJE eit språkkurs og morsmålsnivå (norsk) er forventa.
Studiet kvalifiserer for norskundervisning i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Det gjev god bakgrunn for arbeid i massemedium. For å nytte utdanninga i skulen må du ha praktisk-pedagogisk utdanning i tillegg. Studiet går inn i Litteratur og språk, bachelor med fordjupning i norsk, eller det kan vere del av andre bachelorgrader.