Faggruppe for forfattarstudiet
Det 1-årige forfattarstudiet er eit kunstfagleg tilbod til alle som vil klargjere sitt forhold til skjønnlitterær skribentverksemd - både dei som har publisert bøker tidlegare og dei som ikkje enno har stått fram i offentleg samanheng.
Studieåret skal vere ei tid for forsøk og refleksjon, og innhenting av kunnskapar knytta til ein skjønnlitterær praksis. Studiet legg like stor vekt på teoretiske emne som på praktisk skriving, og er organisert i ein teoretisk del, ein skriveverkstad og ein seminardel.
Forfattarstudiet er nå eit kompetansegjevande årsstudium med full uttelling i 60 studiepoeng
Studiet er eit samarbeidstiltak mellom Høgskolen i Telemark og Den norske Forfatterforening.
Personale på faggruppa
| Eldrid Lunden | professor (permisjon H-05) | 3595 2640 | Eldrid Lunden@hit.no |
| Rune Christiansen | timelærer | ||
| Leif Høghaug | høgskolelektor | 99521525 | Leif.Hoghaug@hit.no |
Leif Høghaug held til på timelærarkontoret i første etasje.
Kven svarar på kva?
Spørsmål som angår einskilde seminar eller forelesingar bør rettast til den faglæraren det gjeld. Spørsmål om det faglege opplegget generelt kan rettast til fagkoordinatoren, Leif Høghaug.
Treng du studierettleiing er det best å vende seg til instituttkonsulent Birgit Norendal, tlf. 35 95 26 13 (e-post Birgit.Norendal@hit.no). Birgit Norendal er også den du bør snakke med dersom du lurer på om forfattarstudiet i Bø er noko for deg. Sjå ellers omtale i studiehåndboka http://studier.hit.no/no/content/view/full/1951
Neste søknadsfrist er 15.april for opptak hausten 2006
Studiet har 15 studieplassar til disposisjon. Søknadene blir vurderte av ein komite på tre medlemer. Etter å ha plukka ut dei femten beste søkjarane, vil komiteen normalt sette opp ei prioritert venteliste.
Søkjartalet svingar til vanleg mellom 80 og 100, og ein kan rekne med svar på søknaden om lag 10.juni
