Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging - se knapper til venstre for søkefeltet)
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

AF / Kultur og humaniora / Fagsider / Faggrupper / Forfattarstudiet

Faggruppe for forfattarstudiet

Det 1-årige forfattarstudiet er eit kunstfagleg tilbod til alle som vil klargjere sitt forhold til skjønnlitterær skribentverksemd - både dei som har publisert bøker tidlegare og dei som ikkje enno har stått fram i offentleg samanheng.

Studieåret skal vere ei tid for forsøk og refleksjon, og innhenting av kunnskapar knytta til ein skjønnlitterær praksis. Studiet legg like stor vekt på teoretiske emne som på praktisk skriving, og er organisert i ein teoretisk del, ein skriveverkstad og ein seminardel.

Forfattarstudiet er nå eit kompetansegjevande årsstudium med full uttelling i 60 studiepoeng

Studiet er eit samarbeidstiltak mellom Høgskolen i Telemark og Den norske Forfatterforening.

Personale på faggruppa

Eldrid Lunden

professor

3595 2640

Eldrid Lunden@hit.no

Eivind Røssaak (P)

førsteamanuensis

3595 2653

Eivind.Rossaak@hit.no

Lærarane har kontor i 3. etasje, fløy 2 (Institutt for kultur- og humanistiske fag)

Kven svarar på kva?

Spørsmål som angår einskilde seminar eller forelesingar bør rettast til den faglæraren det gjeld. Spørsmål om det faglege opplegget generelt kan rettast til fagkoordinatoren, Eldrid Lunden

Treng du studierettleiing er det best å vende seg til instituttkonsulent Birgit Norendal, tlf. 35 95 26 13 (e-post Birgit.Norendal@hit.no). Birgit Norendal er også den du bør snakke med dersom du lurer på om forfattarstudiet i Bø er noko for deg, om du vil ha tilsendt informasjonsmateriell o.s.v.

Søknadsfrist er 15.april for opptak hausten 2005

Studiet har 15 studieplassar til disposisjon. Søknadene blir vurderte av ein komite på tre medlemer. Etter å ha plukka ut dei femten beste søkjarane, vil komiteen normalt sette opp ei prioritert venteliste.

Søkjartalet svingar til vanleg mellom 80 og 100, og ein kan rekne med svar på søknaden om lag 10.juni