Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging - se knapper til venstre for søkefeltet)
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Back to start-page Sitemap

AF / Kultur og humaniora / Fagsider / Faggrupper / Masterstudiet i kulturstudiar

Masterstudiet i kulturstudiar

Det 2-årige masterstudiet i kulturstudiar er eit tverrfagleg studium som er eineståande i sitt slag i heile Norden

Det er aktuelt for søkjar med bakgrunn både i humanistiske og samfunnsvitskaplege fag og ulike tverrfaglege kulturstudium.

NY STUDIEPLAN FRÅ HAUSTEN 2005

Frå hausten 2005 vil masterstudiet i kulturstudiar blir delt i to valretningar. I søknaden må studentane gjere merksam på kva valretning dei ønskjer.

Valretning kulturanalyse

Valretninga i kulturanalyse tek sikte på å gi studentane ein brei og allmenn kulturkompetanse og evne til å analysere aktuelle og samansette kulturspørsmål. Studentane skriv ei kulturanalytisk hovudoppgåve (60 sp), og vel minst eit av følgjande fordjupingsemne:

  • natur og kultur
  • barndom og modernitet
  • tale, skrift, bilde, lyd (medieemne)
  • migrasjon og fleirkulturalitet

Valretning kulturadministrasjon (NYTT)

Valretninga i kulturadministrasjon vil kvalifisere meir direkte for leiarstillingar i kultursektoren. Studentane må skrive ei hovudoppgåve med relevans for kultursektoren (45 sp), og dei må ta kurset i Kulturøkonomi/marknadsføring.
Desse studentane må velje minst eit av følgjande fordjupingsemne:

  • Kultur og leiing
  • Internasjonal kulturpolitikk og kunstformidling

Vi gjer merksam på at to til tre av fordjupingsmena blir sett opp kvart vårsemester, avhengig av talet på studentar og dei ressursane som til ei kvar tid finns på instituttet.

Vi viser ellers til fullstendig studieplan i studiehandboka.

Studiehandboka

Personale:

  Stilling og fagfelt 3595+ klikk for å sende E-post
Ole Martin Høystad professor i kulturstudiar 2641 Ole.M.Hoystad@hit.no
Ellen Schrumpf førsteamanuensis
(fagkoordinator)
2628 Ellen.Schrumpf@hit.no
Kjetil Jacobsen førsteamanuensis   Kjetil.Jacobsen@hit.no
Per Mangset professor i kulturstudiar (permisjon) 2649 Per.Mangset@hit.no
Anne Lorentzen stipendiat i kultur og media 3638 Anne.H.Lorenzen@hit.no
Gunn Opdahl stipendiat i kulturpolitikk 2653 Gunn.Opdahl@hit.no
Åsne Haugsevje stipendiat i tverrfaglege kulturstudiar (permisjon) 2642  

Lærarane har kontor i 3. etasje, fløy 2 (kultur/humaniora)

Kven svarar på kva?

Treng du studierettleiing er det best å vende seg til instituttkonsulent Birgit Norendal, tlf. 35 95 26 13 (kontor 2-333, e-post Birgit.Norendal@hit.no). Ho er også den du bør snakke med dersom du lurer på om masterstudiet i kulturstudiar i Bø er noko for deg, om du vil ha tilsendt informasjonsmateriell o.s.v.