Kapittel 1 Grunnlag
1.1 Virksomhetsidé
Gjennom verksemda si skal Høgskolen i Telemark (HiT) medverke til utvikling av menneskets forståing, kulturens mangfald, naturens bereevne og teknologiens nyskapingskraft.
HiT skal vere ein av dei store og fagleg sterke statlege høgare utdannings- og forskingsinstitusjonane, og tilby utdannings-, forskings- og formidlingstenester av høg kvalitet med basis i regionale og nasjonale behov. Høgskolen skal vere regionalt forankra, ha godt nasjonalt omdømme og vere internasjonalt orientert, og medverke til innovasjon og entreprenørskap. Han skal setje studentane i sentrum, vere endringsdyktig, og vere prega av mangfaldet i regionens kultur, tradisjon, og samfunns- og næringsliv.
1.2 Utfordringar
I åra framover vil HiT møte ein situasjon med stram statleg økonomi, auka konkurranse, skjerpa krav, nye brukargrupper, meir marknadsorientering og auka internasjonalisering. Planperioden vil derfor gje utfordringar i form av behov for stadig omstilling av verksemda, fagleg utvikling, omdisponering av ressursar og auka inntening.
Det gjeldande finansieringssystemet inneber at ressursane i sterkare grad blir tildelte og omfordelte mellom institusjonane etter oppnådde resultat når det gjeld studiepoeng, kandidatar, formidling, og forsking og utvikling (FoU). Det er særleg naudsynt å produsere fleire studiepoeng og FoU-resultat. Høgskolen bør òg auke den eksternt finansierte verksemda slik at den faglege aktiviteten kan ha eit større omfang enn det den statlege løyvinga gjev rom for. Styrking av dei nemnde områda vil gjere at høgskolen får betre evne og høve til å utvikle seg vidare.
Perioden sektoren går inn i, ser også ut til å bli merkt av forenkling, av at byråkratiet blir mindre, av at detaljreguleringa blir avvikla og av at mynde blir delegert i større grad internt og eksternt, kombinert med strengare krav til resultat og resultatrapportering. Utviklinga går frå stor grad av forvaltning til meir fokus på leiing.
Omstillingstakten i samfunnet aukar sterkt. Gamle yrke forsvinn og nye oppstår raskare enn før. Ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) blir utvikla og teken i bruk i akselererande tempo. Internett har blitt ein global reiskap for kommunikasjon, informasjon, læring, og sal og kjøp av varer og tenester. Den einskilde kan få tilgang til kunnskapsutviklinga nærast uavhengig av tid og rom. Dette set krav til høgskolen om å ta i bruk ny teknologi og om å utvikle kompetansen og arbeidsmetodane sine.
HiT ligg i eit fylke med eit etter måten lite befolkningsunderlag og med eit næringsliv som endrar seg raskt. Fødselstala tilseier at talet på 20-åringar i Noreg stig jamt frå ca 51 000 i 2005 til over 59 000 i 2009. Den tilsvarande utviklinga i Telemark vil gå frå ca 1 850 i 2005 til ca 2 000 i 2009. Dette tyder på at behovet for studieplassar vil auke i planperioden.
HiT har ei viktig oppgåve i å medverke til at samfunns- og næringslivet ifylket veks og utviklar seg, og at nye arbeidsplassar vert skapte i regionen.
Ut frå dette vil hovudutfordringane vere å tilby tenester som er etterspurde, som held mål fagleg, som er relevante og som blir drivne så kostnadseffektivt som råd. Situasjonen set monalege krav til arbeidsmiljø og personalpolitikk, leiing, studentmedverknad og auka samhandling med samfunnet kring høgskolen.
1.3 Langsiktig hovudmål
Høgskolen har som ambisjon å få universitetsstatus innan 2013, anten aleine eller saman med andre. Dette føreset betydeleg ekstern økonomisk støtte.
1.4 Vekst og utvikling
HiT skal vekse frå sin noverande storleik på 4 500 studentar til 5 000 studentar (heiltidsekvivalentar finansierte over grunnløyvinga).
Noverande studiestader skal halde fram, men Grenland skal i sterkare grad utnyttast som potensiell marknad.
Høgskolen skal ta eit særleg ansvar som utviklingsaktør i Telemark.
1.5 Fagprofil
HiT skal styrkjast som akademisk institusjon gjennom å
- få rett til å tildele doktorgrad,
- auke tilbodet av mastergradsstudium til om lag 10,
- utvikle kompetanseprofilen sin vidare.
Høgskolen har desse spesielle endringsfelta:
Vekstområde - der studenttalet skal auke mest:
- Helse- og sosialfag
- Idretts-, kroppsøvings- og friluftslivsfag
Spissingsområde - der høgskolen skal byggje opp utdanningar på høgare nivå på eit nærare avgrensa område, og der FoU-verksemda og -kompetansen i særleg grad skal aukast:
- Gass- og energisystem - doktorgrad
- Det helse- og sosialfaglege området - mastergrad
- Det humanistiske området (språkdidaktikk) - mastergrad
- Det kulturfaglege området - doktorgrad
- Det pedagogiske området - mastergrad
- Det økonomisk-administrative området - mastergrad
- Miljø og genetisk mangfald - doktorgrad
Omstillingsområde - som skal konsoliderastgjennom fagleg omstilling og konsentrasjon:
- IT-fag
- Natur- og miljøvernfag
- Teknologiske fag
- Økonomisk-administrative fag
Innanfor kulturfag og lærarutdanning skal omfanget av verksemda haldast oppe gjennom at den fagleg utviklinga held fram og at samarbeidet på tvers av avdelingar aukar.
