Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging - se knapper til venstre for søkefeltet)
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Back to start-page Sitemap

Historisk bakgrunn

Høgskolen i Telemark og Telemarksforsking-Bø har i dei seinare åra etablert seg som eit sentralt nasjonalt forskingsmiljø innanfor kultur- og idrettsforsking. Det gjeld mellom anna forsking om kulturpolitikk, kulturøkonomi, den sosiale organiseringa av kulturfeltet, idrettspolitikk, idrettsanlegg og den sosiale organiseringa av idrettsfeltet. Senter for kultur- og idrettsstudiar blei oppretta 01.08.2004 for å fremje og styrke denne forskinga.

Kultur- og idrettsforskinga i Bø er i dag institusjonelt knytt til tre del-miljø: Institutt for kultur- og humanistiske fag, HiT, Institutt for idretts- og friluftslivsfag, HiT, og Telemarksforsking-Bø. Historisk har forskingsaktiviteten på kultur- og idrettsfelta i desse miljøa bakgrunn i opprettinga av Studium i kulturarbeid (1975) og Studium i idrett og friluftsliv (1981) ved Telemark distriktshøgskole (TDH). Dei første åra låg dei to studia under eitt og same TDH-institutt (seksjon) – og i mange år (1981-94) var fagmiljøa samlokaliserte. Her kom det i gang forskingsverksemd, m.a. i kultursosiologi, kulturpolitikk, ungdomssosiologi, idrettssosiologi og idrettshistorie.

I 1984 tok nokre av dei tilsette i samråd med Høgskolen initiativ til å opprette eit oppdragsinstitutt for kultur- og samfunnsstudiar (IKOS), lokalisert til og integrert i kultur- og idrettsfagmiljøet. Her utvikla ein m.a. ein mal for kommunale ungdomsundersøkingar (”Ungdata” ved Tormod Øia), som seinare blei vidareført/vidareutvikla av forskingsinstituttet Ungforsk/NOVA i Oslo. I 1988 fusjonerte IKOS – og to andre liknande TDH-oppdragsinstitutt – INA og TEL-ØK – i forskingsstiftinga Telemarksforsking-Bø. Historisk/fagleg er altså Telemarksforsking resultat av ei knoppskyting frå tre TDH-/HiT-institutt (kulturarbeid/idrett, natur og miljø og øk-adm.).

På 1990-talet greidde Telemarksforsking å etablere seg som eit nasjonalt tyngdepunkt når det gjeld forsking om kulturpolitikk. Det blei gjennomført fleire større forskingsprosjekt på feltet med finansiering frå Forskingsrådet, Kulturrådet og Kulturdepartementet (jf. prosjekt om museumsorganisering (Bjørkås), norsk og europeisk kulturpolitikk (Mangset), kunstnarpolitikk (Mangset), kunstskolar og bibliotekpolitikk (Bergsgard), folkemusikk og kulturvern (Vike, Henningsen), litteraturpolitikk og litteraturøkonomi (Ringstad, Løyland), operadebatten (Røyseng), kunstnarsentralisering, internasjonalt kultursamarbeid (Mangset) og fri scenekunst (Røyseng/Bergsgard)). Det blei òg publisert nokre arbeid på dette feltet ved Høgskolen i same periode (jf. kulturpolitikkens historie (Kvarv), kunstformidling (Solhjell)).

Tidleg på 1990-talet fekk fagmiljøet ved TF i oppdrag å greie ut status for norsk kulturpolitikkforsking for Forskingsrådet. Fagmiljøet tok òg initiativ til å opprette eit eige nasjonalt Kulturpolitisk forskarnettverk. Forskarnettverket arrangerte årlege nasjonale konferansar for kulturpolitikkforskarar frå 1993 til 2000. Ein tok vidare initiativ til å etablere ein brei internasjonal forskarkonferanse på feltet annakvart år. Den første blei arrangert ved Universitetet i Bergen, i samarbeid med Forskingsrådet, i 1999. Den andre gjekk av stabelen ved Universitetet i Wellington i 2002. Den tredje blir arrangert ved HEC Montreal (l'École des hautes études commerciales de Montréal) i august 2004. Arbeidet i den vitskaplege komiteen for konferansane blir leidd frå fagmiljøet i Bø.

Frå og med våren 2003 har TF/HiT-miljøet òg vore med og starta opp ein nordisk forskarkonferanse for kulturpolitikk annakvart år (Universitetet i Århus våren 2003, Högskolan i Borås 2005). På 1990-talet var fagmiljøet ved Telemarksforsking òg med og oppretta to internasjonale referee-tidsskrift på feltet, ”the International Journal of Cultural Policy” (redaksjon University of Warwick) og Nordisk kulturpolitisk tidsskrift (redaksjon/utgiving Århus Universitet og Högskolan i Borås). TF (Røyseng) og HiT (Mangset) er framleis med i redaksjonen i begge tidsskrifta.

Sidan 1999 har Forskingsrådet finansiert eit eige ”Strategisk instituttprogram for kultur og idrett” ved TF, med fokus på kulturpolitikk, idrettspolitikk og kulturøkonomi. Ein stipendiat (Røyseng) arbeider med eit doktorgradsprosjekt om kultur og leiing med finansiering frå SIP-en/Forskningsrådet. Telemarksforsking har dessutan satsa strategisk på – og lukkast med – å utvikle eit norsk fagmiljø i kulturøkonomi. På dette feltet er TF for tida det einaste forskingsmiljøet i landet (jf. mediedebatten om prisauke på bøker).

Frå rundt 2000 er noko av tyngdepunktet for den kulturpolitiske forskinga i Bø-miljøet flytta tilbake til Høgskolen. Det heng m.a. saman med opprettinga av masterstudiet i ”kulturstudiar”, tildeling av eit eige Strategisk høgskoleprogram for kultur og idrett frå Forskingsrådet (2003-07) og tilsetting av to stipendiatar på feltet (Haugsevje og Lorentzen). Den kulturpolitiske forskinga ved Institutt for kultur- og humanistiske fag kan òg dra vekslar på eit stort og akademisk tungt humanistisk fagmiljø – og på nærkontakt med undervisning i kulturpolitikk – både på bachelor- og masternivå. Men eit tett samarbeid mellom HiT og TF er framleis ein føresetnad for suksess på dette feltet. Det heng m.a. saman med den kompetansen TF har på akkvisisjon og styring av forskingsprosjekt.

Det har òg vore gjennomført ein god del idrettsforsking i Bø-miljøet sidan tidleg på 1980-talet. Men her har tyngdepunktet i arbeidet heile tida lege ved Høgskolen. Ved TDH/HiT gjennomførte Tangen, Lippe og andre fleire idrettssosiologiske og idrettshistoriske prosjekt på 1980- og 90-talet, m.a. prosjekt om handball, kjønn/toppidrett og medieidrett (Lippe) og om generell idrettssosiologisk teori, idrettshistorie og doping (Tangen). Det blei òg gjennomført FOU-arbeid på det idrettsadministrative feltet (Holm, Novsett, Bergan).

På 1990-talet samarbeidde TF og HiT (Tangen og Bergsgard) om fleire prosjekt særskilt om doping. Bø-miljøet har ikkje stått like sterkt som oppdrags-/utgreiings-miljø på idrettsområdet som på kulturområdet. På den andre sida har idrettsmiljøet – særleg ved HiT – vore mykje meir mål- og resultatorienterte når gjeld gjennomføring av doktorgradsprosjekt. Både Lippe og Tangen disputerte for doktorgraden på idrettssosiologiske og idrettshistoriske emne i 1997. Seinare har fleire forskarar med tilknyting til Institutt for idretts- og friluftslivsfag kome i gang med doktorgradsarbeid (jf. Tordsson, Augestad, Kvarv, Ørbeck Hansen, Odden og Bischoff). Dei tre første av desse disputerte i løpet av 2003.

I 1996 gjennomførte fagmiljøet ved HiT og TF saman ei utgreiing for Forskningsrådet om forsking om idrettspolitikk i Noreg. Frå 1998 gav så Forskingsrådet dei to institusjonane status som nasjonalt ”kjernemiljø for forsking om ’idrettsanlegg og idrettsutøving’ og ’idrettspolitikk’”.

Forskingsrådet har òg finansiert ei rekkje forskingsprosjekt på desse felta i Bø-miljøet under programmet ”Idrett, samfunn og friviljug organisering” (1998-2007), jf prosjekt om idrettsanlegg/inklusjon og eksklusjon, golf/anlegg (Tangen), dopingpolitikk (Ørbeck Hansen), kroppsøvingsfaget (Augestad) med meir. Av desse prosjekta har prosjekt om idrettspolitikk særleg vore lagt til TF, medan prosjekt om idrettsanlegg har vore lagt til HiT. Det blir òg gjennomført samarbeidsprosjekt mellom HiT og TF på idrettsfeltet (jf. Olympiatoppen, med Bergsgard og Augestad). Dei to fagmiljøa samarbeider i tillegg om ulike nettverks- og formidlingsaktivitetar (workshops, konferansar, heimeside etc). Det meste av dette arbeidet blir utført ved Institutt for idretts- og friluftslivsfag ved HiT.

Det er såleis gjennomført – og under gjennomføring – ei rekkje større forskingsprosjekt på desse fagfelta i Bø-miljøet. Forskingsmiljøet på kultur- og idrettsfeltet i Bø er tett integrert – og samarbeider godt. Både idretts- og kulturforskinga er dessutan knytt til nærskylde masterstudium på sine felt (”master i idrett, kroppsøving og friluftsliv” og ”master i kulturstudiar”).

Formålet med å opprette eit ”Senter for kultur- og idrettsstudiar” var difor langt på veg å formalisere/byggje ei klårare organisatorisk overbygning over den forskingsaktiviteten som alt går føre seg – og lenge har gått føre seg – i Bø.