Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Back to start-page Sitemap
Banner
TUC / Rektorval og styreval i HiT

Rektorval og styreval i HiT

(Bilde) Rektor Dag K. Bjerketvedt og prorektor Knut Duesund ønskjer begge å stille til attval
Rektor Dag K. Bjerketvedt og prorektor Knut Duesund ønskjer begge å stille til attval

Innan utgangen av februar skal Høgskolen i Telemark ha val på både rektor, prorektor og ytterlegare tre styremedlemmer. Nåverande rektor og prorektor har alt meldt seg som kandidatar.

Nominasjonskomiteen er nettopp blitt nedsett. Førsteamanuensis Pål Augestad er leiar.

- Vi bør ha alle framlegg til kandidatar inn til oss i løpet av dei første par vekene i januar, sier han.

Nominasjonskomiteen har også ansvar for å presentere dei aktuelle kandidatane rundt på studiestadene.

Framleis vald rektor
Tidlegare i haust bestemte styret for HiT å behalde ordninga med vald rektor også for den komande fireårige valperioden. I tillegg vedtok styret at HiT framleis skal ha eit verv som prorektor. Prorektor skal også vere medlem av styret.

Eksterne kandidatar
Medan det tidlegare bare var høgskolens eigne tilsette som kunne stille som rektorkandidat, er det nå opna også for kandidatar utanfrå.

- Vi har ennå ikkje avklart om nominasjonskomiteen sjølv skal gå aktivt ut for å finne eksterne kandidatar, seier Pål Augestad.

Vitskapleg og leiarmessig kompetanse, evne til å profilere HiT nasjonalt og internasjonalt, evne til nettverksbygging og strategisk tenking i tillegg til å vere personleg skikka, er krava som styret nå set til rektorkandidatane.

Ønskjer attval
- Vi ønskjer begge å stille til attval, seier både rektor Dag K. Bjerketvedt og prorektor Knut Duesund.

Dei reknar universitetssatsinga som den desidert viktigaste saka for HiT den komande styreperioden.

Departementet oppnemner fire
Styret for Høgskolen i Telemark har 11 medlemmer. Med unntak av rektor - som kan vere ekstern - skal fire av styremedlemmene nå vere vald blant dei tilsette og to blant studentane. I tillegg har styret fire eksterne medlemmer som blir oppnemnde av eigaren - Kunnskapsdepartementet.

Valet av dei to studentrepresentantane skjer først utpå hausten. Det nye HiT-styret startar funksjonstida si 1. august.

Kandidatar må ha sagt ja
Nominasjonskomiteens oppgåve er nå å finne kandidatar til verva som rektor, prorektor og dei øvrige tre styrerepresentantane for dei tilsette ved høgskolen.

- Vi vil gjerne ha framlegg på namn. Kanditatar må vere viljuge til å stille til val, seier Pål Augestad.

Departementet oppnemner fire
Høgskolen i Telemark har høve til å kome med framlegg til departementet på i alt 12 kandidarar - seks kvinner og seks menn - til dei fire eksternt oppnemnde styreverva. Styret har sendt denne lista:

  • Anne M. Blaker, ordførar i Bamble
  • Heidi Faukald, Borealis
  • Gunn Marit Helgesen, fylkesordførar
  • Åse Himle, Hydro industripark
  • Wenche Hvattum, Midt-Telemark næringsutvikling AS
  • Ingrid Risland, Helse Sør
  • Steinar Barstad, Helse- og omsorgsdepartementet
  • Hans Kristian Lehmann, rådmann i Vinje
  • Rune Nilsen, professor UiB
  • Jørund Ofte, Tveiten AS, Seljord
  • Einar Vetvik, Diakonhjemmet Høgskole
  • Knut Wille, rådmann i Skien