Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

AF / Studieguide / Student samskipnaden

Studentsamskipnaden SiTel

Studentsamskipnaden i Telemark, Bø, er studentane sin velferdsorganisasjon. Dei har sine kontor i høgskolebygget.

SiTel har ansvaret for velferdsarbeidet ved høgskolen, så som bygging og drift av studentheimar, hybelformidling, studentbarnehagedrift, helseteneste o.l.

Som student bør du bu godt. Studentsamskipnaden har bustader som ligg i gangavstand til høgskolen og sentrum. Bustadene er fullt møblerte og held jamt over høg standard. Prisane er gunstige og inkluderer fri bruk av internett, straum og oppvarming, fri bruk av vaskemaskinar/tørkeutstyr og vaktmeistertenester.

Studentbarnehagen ligg ca. ein km sør for sentrum i trivelege og spanande lokale. Barnehagen er ein to-avdelings barnehage, med ei avdeling for barn frå null til tre år og ei for barn frå to til fem år.

Samskipnaden har studentrådgjevar med kontor i høgskolebygget i Bø. Nærare opplysningar om studentrådgjevar si kontortid i Bø får du ved å ringe tlf. 35952663. Det er eigen studentprest for studentane ved høgskolen. Prestetenesta er i samarbeid med Den norske Kyrkja.

Du finn meir informasjon om Samskipnaden på internett, www.sitel.no . Der finn du m. a. søknadsskjema til studentheimane. Tlf. nr. til Samskipnaden i Bø er 35 95 26 60.