Avgifter Studentlegitimasjon
Kopi- og semesteravgifta er samansett av desse avgiftene:
- Kopiavgift *)
- Kopinoravgift kr 133
- Studentsamskipnaden i Telemark (SiTel) kr 380
- Laserskrivaravgift kr 100
- Bidrag til SAIH (stud. og akad. internasjonale hjelpefond) kr 20 **)
*) Kopiavgifta blir fastsett på grunnlag av registreringar av kor mykje kopiert materiale som vert delt ut av fagpersonalet ved dei einskilde studia.
**) Bidraget til SAIH må betalast saman med dei andre avgiftene, men kan refunderast ved at ein tek kontakt med studentsamskipnaden.
Studentlegitimasjon
Nye studentar får studiekort ved semesterstart. Kortet får du ved å møte opp til fotografering i ekspedisjonen den første veka i haustsemesteret. Sjå oppslag om opningstider eller ta kontakt i ekspedisjonen.
Ved studiestart får du ein faktura med oppsett over dei avgifter du skal betale. Etter at fakturaen er betalt, fjernar du semesterkortet frå fakturablanketten og oppbevarer det saman med studiekortet. Plastlomme til dette får du i ekspedisjonen.
