Ut i verda?
Høgskolen i Telemark (HiT) har eit omfattande samarbeid med lærestader i utlandet. Gjennom Erasmus-, Leonardo- og Nordplus-programma og bilaterale avtaler sender vi kvart år ut studentar til samarbeidspartnarar i Europa, USA, Canada, New Zealand og Australia. Studiekonsulentane i internasjonalisering ved høgskolen har som oppgåve å rettleie studentar som ønskjer å ta delar av studiet sitt i utlandet. Hos oss kan du
- orientere deg om ulike studium i utlandet
- finne ut meir om rettane dine med omsyn til studiefinansiering
- få informasjon om dei ulike krava og rutinane utanlandske høgskolar og universitet har til søkjarar
- få hjelp til å lage eit oversyn over korleis du skal gå fram for å søkje opptak i utlandet, og korleis du skal få utanlandsk utdanning godkjent her ved HiT- Bø
- få informasjon om TOEFL prøver, IELTS og meir
Søknadsfristen er som regel 15. september for utveksling i vårsemesteret, og 1. februar for utveksling i haustsemesteret.
Ta gjerne kontakt med: Suzanne Bancel, tlf. 35 95 27 47, suzanne.bancel@hit.no eller Lisa Hjelmeland, lisa.hjelmeland@hit.no
Ansvarleg for Socrates og Erasmus (utveksling I Europa), Nordplus (utveksling I Norden), Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar og Scandinavian Studies.
