Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging - se knapper til venstre for søkefeltet)
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Back to start-page Sitemap

Ut i verda?

Høgskolen i Telemark (HiT) har eit omfattande samarbeid med lærestader i utlandet.

Gjennom Erasmus-, Leonardo- og Nordplus-programma og bilaterale avtaler sender vi kvart år studentar til utenlandske samarbeidspartnarar. Studiekonsulentane i internasjonalisering ved høgskolen har som oppgåve å rettleie studentar som ønskjer å ta delar av studiet sitt i utlandet. Hos oss kan du

  • finne ut kva for avtalar høgskolen har med lærestader i utlandet
  • finne ut meir om rettane dine med omsyn til studiefinansiering
  • få informasjon om dei ulike krava og rutinane samarbeidspartnarane våre har til søkjarar
  • finne ut korleis du skal få utanlandsk utdanning godkjent ved HiT- Bø

Søknadsfristen er som regel 15. september for utveksling i vårsemesteret, og 1. februar for utveksling i haustsemesteret.

Ta gjerne kontakt med:

Suzanne Bancel, tlf. 35 95 27 48, suzanne.bancel@hit.no

  • Utveksling for studentar som studerer: økonomi og informatikk, natur-, helse- og miljøvernfag

Lisa Hjelmeland, tlf. 35 95 27 47, lisa.hjelmeland@hit.no

  • Utveksling for studentar som studerer: kultur og humanistiske fag, idretts- og friluftslivsfag