Kopiering
Du kan ta kopiar ved bruk av kopikort. Kopikort må du kjøpe i kopisenteret i underetasjen på høgskolen. Høgskolen har kopimaskinar i biblioteket, IT-fløya og teorifløya i 3. høgda. Desse kopimaskinene skal ikkje brukast til transparentar, slik kopiering får du utført ved å vende deg til kopisenteret.
| Kopiprisane er: | |
| For 20 kopiar | kr. 15,- |
| For 50 kopiar | kr. 30,- |
| For 100 kopiar | kr. 50,- |
| For 200 kopiar | kr. 100,- |
| Opningstid | |
| 15. mai - 15. sept.: | kl 08.00 - 14.45 |
| 16. sept. - 14. mai: | kl 08.00 - 15.30 |
Kopiering av studentoppgåver
Oppgåver som skal førast på vitnemålet skal leverast til eksamenskontoret i 1. etasje. Oppgåva skal leverast i 3 eksemplar, eitt av desse i lause ark. Kopisenteret kan kostnadsfritt (inkl. i kopiavgifta) utføre desse tenestene:
- 3 eksemplar til bruk for høgskolen, i tillegg eitt til kvar student og eventuelt til oppdragsgjevar
- eventuell innbinding må ein sjølv koste
- studentar som ønskjer delar av oppgåva i fargar, må betale dette sjølve. Unntak er:
- oppgåver ved GIS studiet
- hovedfags- og masteroppgåver
Framsidemal finn du på: www-bo.hit.no/af under ansatt og maler/skjema.
