Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging - se knapper til venstre for søkefeltet)
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

Semesterplan H04

HISTORIE GRUNNFAG (ÅRSSTUDIUM)

Ansvarleg for grunnfaget: studieleiar Claus Krag

NB: Semesteret tek til måndag 16. august. Den første veka (veke 34) vil det vere ei rekkje orienteringar og innleiingsforelesingar som følgjer eit eige program.

Innføring i historisk metode og oppgaveskriving

Forelesing tysdag kl. 8.30-10.15 i aud. 5-118. Første gong 24. august. I første semesterhalvdel. Professor Claus Krag, professor Olav Rovde, førsteamanuensis Anna Tranberg.

Om metode og eksamen, sjå studieplanen og orientering i undervisninga.

3501 Oversyn før 1750 (10 st.p.)
Det blir ikkje undervisning i 3501 i veke 41 og 45. Undervegsprøve (3 timar) i veke 41 [1] (saman med prøva i 3502), sluttprøve (4 timar) i veke 50/51. Det er ingen obligatoriske arbeidskrav i emnet.

Antikken (Hellas og Roma) og mellomalderen før ca. 1300
Forelesing måndag kl. 12.30-14.15 i rom 5-321 og tysdag kl. 8.30-10.15 i aud. 5-118. Første gong 23. august. Om tysdagane først f.o.m. 12. oktober. Professor Claus Krag.

Seinmellomalder og tidleg nytid ca. 1300-1750.
Forelesing tysdag 12.30-14.15 i rom 5-321. Første gong 24. august. Førsteamanuensis Anna Tranberg.

3502 Oversyn etter 1750 (10 st.p.)

Det blir ikkje undervisning i 3502 i veke 41 og 45. Undervegsprøve (3 timar) i veke 411 (saman med prøva i 3501), sluttprøve (4 timar) i veke 50/51. Det er ingen obligatoriske arbeidskrav i emnet.

Forelesing torsdag kl. 8.30-10.15 i rom 5-322 og fredag 10.30-12.15 i rom 5-322. Professor Olav Rovde.

3503 Valemne i verdshistorie (10 st.p.)

Undervisninga tar til i veke 36 (30. august og 2. september). Det blir ikkje undervisning i valemna i veke 41.

Undervisninga er obligatorisk. Frammøte og aktiv deltaking, særleg i samband med oppgåver o.l., er definert som eit obligatorisk arbeidskrav og vilkår for å gå opp til eksamen. Også kontinuasjon i vårsemesteret 2005 føreset oppfylt arbeidskrav i haustsemesteret 2004.

Fritak: Studentar som ikkje kan følgje undervisninga, kan få fritak. Fritaket må gjelde begge emna. Fritaket har form av ei skriftleg avtale med fagkoordinator. I avtala bind studenten seg til 3 skriftlege innleveringar i kvart emne. Innleveringane skal skje innan frist fastsett i avtala, og godkjennast av faglærar. Godkjende innleveringar er vilkår for å gå opp til eksamen. Studentar med avtale kan i forståing med faglærar hospitere i einskilde timar.

Liste over dei som er eksamenskvalifiserte blir slått opp på oppslagstavla i byrjnga av veke 44. Heimeeksamen blir halden i veke 45. Eksamen vert avslutta med munnleg prøve for ein del av kandidatane, i samsvar med oppslag som kjem i veke 47.

Studentane vert delte i to grupper. Gr. A har undervisning i emnet etter 1750 på måndagar, og i emnet før 1750 på torsdagar. Gr. B har undevisning i emnet før 1750 på måndagar, og i emnet etter 1750 på torsdagar.

 

Emne før 1750

Slavehandel og slaveri
Gr. A torsdag 12.30-14.15 i sem. rom 5-322.
Gr. B måndag 14.30-16.15 i sem. rom 5-322.
Førsteamanuensis Anna Tranberg.

 

Emne etter 1750

Sovjetsamveldet etter 1917
Gr. A måndag 14.30-16.15 i sem. rom 5-320.
Gr. B torsdag 12.30-14.15 i sem. rom 5-321.
Professor Olav Rovde.

 

KONFERANSETID FOR LÆRARANE:

Claus Krag                   tysdag kl. 10.30-12.30.
Anna Tranberg             måndag kl. 10-12.
Olav Rovde                  måndag kl. 10-12.

Etter behov kan du òg ta kontakt til andre tidspunkt!

Telefon/e-postdresser:

Claus Krag                   3595 2627; e-post: Claus.Krag@hit.no; mob. 905 37 922
Anna Tranberg             3595 2629; e-post: Anna.Tranberg@hit.no; mob. 951 64 526
Olav Rovde                  3595 2635; e-post: Olav.Rovde@hit.no; mob. 979 60 869

30.6.04

[1] Undervegsprøva i 3501 og 3502 vert halden fredag 8. oktober kl. 9B15 (3+3 timar). Melding om stad kjem i eksamensplanen.