Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner estetiske fag, folkekultur og lærerutdanning
HiT / EFL / Nyheter / HiT på ungarsk TV

HiT på ungarsk TV

Studentar og ansatte som spelar fele
Den ungarske tvkanalen Duna sende eit program om folkemusikkstudiane på Rauland 17. mai.
Sjå innslaget

17. mai hadde den ungarske tv-kanalen Duna TV eit 30 minutter langt innslag om høgskulen sine folkemusikkstudiar på Rauland. Filmopptaka blei tekne under Vinterfestivalen på Rauland i februar.

Det var tidlegare student András Jánosi som tok med seg tvteamet frå Ungarn for å gi eit innblikk i folkemusikkmiljøet på Rauland.

András Jánosi er ein kjend ungarsk folkemusikkutøvar og var student på masterstudiet i tradisjonskunst fram til våren 2006. Mastoppgåva hans handla sjølvsagt om ungarsk folkemusikk. Tv-kanalen Duna TV kjende til at Jánosi hadde vore student i Rauland og spurde om å få hjelp med å skaffe materiale til eit program om folkemusikk i Noreg.

I programmet Élo Népzene (på norsk; levande folkemusikk) tek Jánosi med seg dei ungarske tv-sjåarane tilbake til Rauland og presenterer folkemusikkstudia og viktige trekk ved norsk folkemusikk.

- Sidan dansen har så stor tydning i ungarsk folkemusikk, er det fleire eksempel på norsk folkedans der opptaka er gjort andre stadar enn i Rauland, men ideen bak programmet er å gi ein presentasjon av ein folkemusikkutdanningsinstitusjon i Norge og korleis norsk folkemusikk blir brukt i dag, fortel Bodil Akselvoll som er leiar for Institutt for folkekultur ved HiT - Rauland.

András Jánosi er no tilsett som leiar for strykarane ved den nyetablerte folkemusikkutdanninga ved Liszt-akademiet i Budapest.