Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner

Folkekunst verkstadfag - tre - metall - tekstil, fordypning

Fakta om studieprogrammet
Fagområde:
Kunst og kultur
Studiested:
Rauland
Nivå / grad:
Fordypning
Studiets varighet:
1 år
Antall studiepoeng:
30
Opptakskrav:
2-årig høgre utdanning innan folkekunst
Studiekode:
220884
Søknad sendes:
Les mer i studie-/fagplan

Faginnhald:

Dette er eit 30 studiepoengs tilbod til dei som har fullført grunnstudiet og påbyggingsstudiet i folkekunst og som ynskjer kunnskap innanfor eit nytt materialområde og eit nytt handverk. Du kan velje mellom materialområda tre, metall og tekstil. Du tileignar deg kunnskap og ferdighetar ved å arbeide med formgjeving av gjenstandar som har feste i lokal formkultur. Gjennom teori og praksis får du ein heilskapeleg forståing av lokal folkekunst.

Delemna i studiet:

  • Valfritt tema i eksamenoppgåve
  • Dekor
  • Form og funksjon
  • Materiale og teknikk

Arbeids- og undervisningsformer:

Veksling mellom forelesingar, prosjektarbeid, individuell rettleiing på verkstad, seminar, kurs og og ekskursjonar. Undervisninga er stort sett lagt til faste vekedagar, men kan i periodar bli meir konsentrert. Det blir arrangert ein lengre obligatorisk studietur.