Kreativ maskinstrikking
Studiets varighet:1 år
30
Minst eitt år formingsfag på høgskolenivå eller likeverdig kompetanse
Dette er eit påbyggingsstudium/fordjupingsstudium berekna på studentar innan formgjeving, kunst og handverk, folkekunst og utøvarar innan tekstil. Målet med studiet er å gje deg ei grundig innføring i strikkemaskin som reiskap i eige formgjevande arbeid. Du skal verte i stand til å utnytte dei moglegheitene som strikkemaskin som reiskap har og bruke dette i heilskaplege løysingar i produksjon av klede og andre tekstilar.
Delemne:
• Strikke – og saumteknikk
• Teikning
• Mønsterkonstruksjon
• Fagteori
Dei tre første delemna har størst vekting i studiet.
Studiet er lagt opp gjennom 6 heile vekesamlingar. Det er obligatorisk deltaking på undervisninga under samlingane. Undervisninga er organisert i forelesingar, seminar, individuell rettleiing og sjølvstudium. Det er lagt opp til at studentane arbeider med faste oppgåver mellom samlingane. Det er difor ein føresetnad at du har tilgang på strikkemaskin som du kan arbeide med heime.
Copyright © Høgskolen i Telemark