Folkekunst 2. årsenhet påbygging
Les mer i studie-/fagplan:Studiets varighet:
1 år
60
Ungarn, Slovakia, Estland med mer
Folkekunst II er eit eittårig påbyggingsstudium. Vi søkjer å bringe element frå folkekunsten inn i vår eiga tid og å lage gode samtidsprodukt. Studiet har to hovudkomponentar: Fellesdelen er ei vidareføring av grunnstudiet i folkekunst og skal gje deg erfaring og innsyn i formgjevande folkekunstprosessar, i formidling av kultur- og tradisjonsstoff og i FoU-arbeid. I spesialiseringsdelen kan du velje mellom formgjeving/produktutvikling i tre, tekstil eller metall.
Valfag i spesialiseringsdelen:
Hovudemna i fellesdelen:
I hovudsak verkstadarbeid. I tillegg er det forelesingar og prosjektarbeid. Det er sett av 2 veker til obligatorisk praksis i ei husflids/handverksbedrift, teikne/designbedrift, kunstindustriverksemd, museum e.l. Påbyggingsstudia i folkekunst og folkemusikk har felles studietur til eit europeisk land.
Fleire tidlegare studentar ved Institutt for folkekultur i Rauland arbeider med undervisning i ulike skuleslag, og nokon kombinerer det med eiga utøving som musikar eller handverkar. Avhengig av fordjuping, kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, folkemusikkarkivar, husflidskonsulent m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av
eit internasjonalt nettverk innan folkemusikk og folkekunst, som dei kan ha nytte av vidare i si karriere. Utdanninga kan kombinerast med anna høgare utdanning innom kulturarbeid eller inngå som del av ein 4-årig allmennlærarutdanning eller ein bachelorgrad. Studiet kvalifiserer for opptak til Tradisjonskunst, master.
Copyright © Høgskolen i Telemark