Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner

Folkemusikk 2. årsenhet påbygging

Les mer i studie-/fagplan:
Fakta om studieprogrammet
Fagområde:
Kunst og kultur
Studiested:
Rauland
Studiets varighet:
1 år
Antall studiepoeng:
60
Utenlandsopphold:
Ungarn, Slovakia, Estland med mer
Studiekode:
220991
Søknad sendes:
Les mer i studie-/fagplan

Faginnhald:

Folkemusikk II er eit eittårig påbyggingsstudium der du kan fordjupe deg i folkemusikken og bli i stand til å formidle den. Studiet har ein fellesdel og ein fordjupingsdel, kvar på 30 studiepoeng. Fellesdelen tek opp folkemusikken som kulturpolitisk og historisk fenomen, og i fordjupingsdelen kan du velje mellom utøvande og allmenn formidling
eller arkiv- og innsamlingsarbeid.

Valfag i spesialiseringsdelen:

  • Folkemusikkformidling
  • Arkivarbeid og innsamling
  • Utøving

Hovudemna i fellesdelen:

  • FoU-metodikk 3 stp
  • Satslære og arrangering 6 stp
  • Folkemusikkformidling 9 stp
  • Folkemusikken og samfunnet 6 stp
  • Tradisjonskunnskap og kjeldebruk 6 stp

Arbeids- og undervisningsformer:

Forelesingar, gruppearbeid, sjølvstudium og praksisprosjekt med rettleiing. Du får individuell rettleiing i fordjupingemnet og det skriftlige prosjektarbeidet. Det er lagt inn ein obligatorisk studietur til utlandet.

Hva kan du bruke dette studiet til?

Fleire tidlegare studentar ved Institutt for folkekultur i Rauland arbeider med undervisning i ulike skuleslag, og nokon kombinerer det med eiga utøving som musikar eller handverkar. Avhengig av fordjuping, kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, folkemusikkarkivar, husflidskonsulent m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av eit internasjonalt nettverk innan folkemusikk og folkekunst, som dei kan ha nytte av vidare i si karriere. Utdanninga kan kombinerast med anna høgare utdanning innom kulturarbeid eller inngå som del av ein 4-årig allmennlærarutdanning eller ein bachelorgrad. Studiet kvalifiserer for opptak til Tradisjonskunst, master.