Tradisjonsmat
Les mer i studie-/fagplan:Studiets varighet:
1 år
30
Se studie-/fagplan
Studiet gjev ei innføring i tradisjonar knytte til mat og matlaging i kulturhistorisk samanheng. Både den felles norske matkulturen og mangfaldet i den lokale og regionale tradisjonskunnskapen blir vektlagt. Gjennom praktiske øvingar får du grunnleggande kunnskap om matlaging og skikk og bruk omkring mat og måltid.
Delemna i studiet:
Studiet er eit deltidsstudium som går over eitt år og utgjer 30 stp. Undervisninga er konsentrert om ca. 10 samlingar, ein gong pr. månad (onsdag–fredag). Det er ei veksling mellom praktisk matlaging, forelesingar og seminar. Mellom samlingane må studenten drive sjølvstudium, utprøving og prosjektarbeid.
Fleire tidlegare studentar ved Institutt for folkekultur i Rauland arbeider med undervisning i ulike skuleslag, og nokon kombinerer det med eiga utøving som musikar eller handverkar. Avhengig av fordjuping, kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, folkemusikkarkivar, husflidskonsulent m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av eit internasjonalt nettverk innan folkemusikk og folkekunst, som dei kan ha nytte av vidare i si karriere. Utdanninga kan kombinerast med anna høgare utdanning innom kulturarbeid eller inngå som del av ein 4-årig allmennlærarutdanning eller ein bachelorgrad. Studiet kvalifiserer for opptak til Tradisjonskunst, master.
Copyright © Høgskolen i Telemark