Rekneskapsorganisasjon og -system 5103
5103
5,00
Lavere grad
5010 Bedriftsøkonomisk analyse og rekneskap og 5011 Finansregnskap med analyse.
Gi oversikt over og forståing for de prosessar og aktivitetar som inngår i verksemdenes rekneskaps- og økonomifunksjon. Intern kontroll som rammeverk for utforming av rekneskaps- og økonomisystemet er ein viktig del av dette. Gjennom dette emnet skal studentane få kunnskap som gjer dei i stand til å vurdere og utforme det rekneskaps- og kontrollsystem som skal sikre tilfredsstillande kontroll ved verksemdenes økonomiske aktivitetar og ressursar, samt sikre kvaliteten på regnskapsinformasjonen.
Kunnskap om organisering, planlegging og gjennomføring av aktivitetane knytt til rekneskaps- økonomifunksjonen er viktig. Det same gjeld forståing for rekneskapssystem generelt, registreringa og de kontrollmessige aspekt ved bruk av IT-baserte rekneskapssystem. Sentralt er også kunnskap om regnskapets rammevilkår gjennom lovbestemte krav til regnskapet og bokføriniga, og korleis desse må innarbeidast i verksemdas rekneskaps- og kontrollsystem. Dette gjelder både rapporteringskrav, oppgåveplikt og innkrevingsoppgåver som er pålagt verksemda på rekneskaps-, skatte- og avgiftsområdet.
Årsrekneskap - formelle krav, planlegging og gjennomføring
3-4 timar forelesing i veka i haustsemesteret. Første del av semesteret vil bestå av teoretiske forelesingar, gjennomgang av oppgåver og innføring i praktisk bruk av regnskapsprogram. Andre del av semesteret vil omfatte av gruppearbeid (1 - 3 personar) med praktisk oppgåve i rekneskap som skal løysast ved bruk av rekneskapsprogram.
Multiple choice test teller 40 % av karakteren, gruppearbeid teller 60 % av karakteren.
Copyright © Høgskolen i Telemark