Marknadskommunikasjon 5204
5204
5,00
Lavere grad
5203 Marknadsføring.
Kommunikasjon er eit viktig område for ein marknadsførar. I dette kurset vil generelle kommunikasjonsteoriar og meir spesifikk teori for marknadskommunikasjon stå i fokus. Studentane vil få kunnskapar om korleis ein annonsør og andre aktørar i reklamebransjen bør tenkje i utforminga av marknadskommunikasjonen. Det er viktig å utvikle eit heilskapssyn hos studenten. Det inneber mellom anna at ein legg vekt på å ta utgangspunkt i ulike strategiar og ut frå det velje gode løysingar i marknadskommunikasjonen.
Emnet tek opp følgjande:
- marknadskommunikasjon
- situasjonsanalyse og posisjonering
- reklame og reklamevurdering
- Sales Promotion
- PR og personleg sal.
3-4 timar forelesing i veka.
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Copyright © Høgskolen i Telemark