Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
« Tilbake

Makroøkonomisk teori og politikk 5311

Fakta om dette emnet
Emnekode:
5311
Antall studiepoeng:
5,00
Nivå / grad:
Lavere grad
Pensum:

Forkunnskaper

5500 Matematikk.

Læringsmål

Studentane skal få innsikt i korleis ein vurderer eit lands økonomiske tilstand og utviklingstendensar. Ein skal forstå årsaka til og verknadene av konjunktursvingingar på kort sikt, blant anna korleis endringar i etterspurnaden i ein del av økonomien får ringverknader og kan påverke det generelle økonomiske aktivitetsnivået i landet. Styresmaktenes penge- og finanspolitikk er viktig i denne samanhengen, og korleis politikken verkar i ulike valutaregime. Formålet er å gjere studentane betre i stand til å følgje med i media og diskusjonar om landets generelle økonomiske utvikling og kva denne utviklinga har å seie for den einskilde bedrift. Samfunnsøkonomiske makromodellar skal inngå som analyseverktøy.

Innhold

Dei sentrale faglege element i kurset er:

  • Makroøkonomiske målsettingar og verkemidlar
  • Nasjonalrekneskap
  • Arbeidsmarknaden og ulike typar av arbeidsløyse
  • Etterspurnad og tilbod på makronivå
  • Multiplikatormodell med variablane: Samla aktivitetsnivå, makro privat konsum, makro private realinvesteringar, offentlege utgifter og skattar, handel med utlandet, penge- og valutamarknaden
  • Makroøkonomisk stabiliseringspolitikk

Organisering

3-4 timar forelesing i haustsemesteret. Det blir gitt 3 innleverinsoppgåver (frivillig innlevering), som blir retta, karaktersett og gjennomgått av forelesar.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Pensum

Se pensumliste