Praksis, reiseliv 5415
5415
30,00
Lavere grad
Emnet er eitt av tre alternativ i 6. semester. Forkunnskapar er 2 1/2 år av 3-årig bachelorstudium i reiseliv.
Målet med praksishopphaldet er å gi studenten høve til å bli kjend med næringa, marknadene og dei nettverka praksisverksemda opererer i.
Arbeidsoppgåvene skal vere varierte og stå i forhold til den kompetansen studenten har. Studenten skal under praksisopphaldet fordjupe seg i eit tema som det blir gjort nærare avtale om og utarbeide ein sluttrapport.

Studenten er sjølv ansvarleg for å skaffe eigna praksisplass, men den skal godkjennast av høgskolen. Det vil ikkje bli regulær undervisning, men arbeidsgjevar på praksisstaden forpliktar seg til å gje regelmessig rettleiing under praksisopphaldet. Studenten vil stå i nær kontakt med faglærar under opphaldet.
Praksisopphald gjennomført etter plan med sluttrapportering utgjer grunnlaget for evalueringa. Stått/ikkje stått.
Copyright © Høgskolen i Telemark