Fjernanalyse 5704
5704
10,00
Lavere grad
5700 Digitale geodata.
Emnet skal gi innsikt i korleis fjernmåling blir brukt på mange område, med data frå satelitt- og flyborne sensorar. Ein ser på metodar og teori for datainnsamling, analyse og presentasjon av biletdata, med anvendingar innan forvaltning og overvaking av natur, ressurskartlegging, landbruk, beredskap, byggesak og arealplanlegging.
Emnet vil gi innsikt i bilete som effektiv informasjonsformidlar av detaljert informasjon om jordoverflata. Vi presenterer aktive og passive sensorar, inkludert mikrobøljer (radar) og ser på metodar for sammenstilling av modelldata frå digitale kart, flybilete, satelittbilete og andre måleinstrument. Automatisk klassifisering og visuell tolking av informasjon på bileta står sentralt.
6 - 7 timar forelesing/øvingar i veka i vårsemesteret.
Ei individuell obligatorisk arbeidsoppgåve og skriftleg 4 timars slufttprøve. Den obligatoriske oppgåva skal vere godkjend før ein kan gå opp til sluttprøve.
Copyright © Høgskolen i Telemark