Arbeidsrett 5357
53575357
5,00
Bachelor
Eitt semester
Ingen.
Studiet skal gi kunnskap om og oversikt over arbeidsretten, og gi innsikt i behandlinga av arbeidsrettslege spørsmål. Ei særleg målsetting er å gi eit fagleg tilbod til studentar som er interessert i personalforvaltinga i føretak.
3 timar forelesing i veka i vårsemesteret.
Emnet har to hovuddelar. Den individuelle arbeidsretten omfattar rettstilhøvet mellom den einskilde arbeidstakar og arbeidsgjevar. I den kollektive arbeidsretten går ein mellom anna inn på reglane om tariffavtaler, konfliktar, arbeidskamp og mekling. Ein kjem inn på ei rekkje relevante lover, som t.d. arbeidsmiljøloven, tenestemannsloven, arbeidstvistloven, ferieloven og likestillingsloven. Hovudtyngda vert lagt på den individuelle arbeidsretten.
Ei obligatorisk oppgåve (gruppe) som tel 20 % og skriftleg sluttprøve, 4 timar som tel 80 %. Alle delprøver må vere bestått.
Copyright © Høgskolen i Telemark