Reiselivsøkonomi/reiselivsgeografi 5402
54025402
20,00
Bachelor
Eitt semester
Det vil vere ein fordel å ha gjennomført emna 5400 Reiseliv og samfunn, 5403 Reisemålsutvikling, 5203 Marknadsføring og 5010 Bedriftsøkonomisk analyse og rekneskap, men det er ingen føresetnad.
Emnet har tre hovudmål:
1) Formidle eit oversyn over dei viktigaste turiststraumane og dei viktigaste forklaringsmekanismane bak desse straumane.
2) Styrke kunnskapen om marknadsføring med hovudvekt på reiseliv.
3) Sørge for innsyn i korleis økonomistyringa skjer i reiselivet og korleis ulike samfunnsøkonomiske tilhøve har verknad for reiselivet.
8-10 timar i veka i haustsemesteret. Undervisninga vil variere mellom tradisjonelle førelesingar, seminarprega undervisning, øvingsoppgåver, studentpresentasjonar og skriftlege rapporteringar/innleveringar.
Emnet skal gjere studentane kjende med turiststraumane nasjonalt og internasjonalt. Dei skal og kjenne dei viktigaste motiva og grunngjevingane for turiststraumane, kunne forklare turiståtferd og analysere turistpotensialet/marknadspotensialet i eit område. Studentane skal få kjennskap til korleis verksemder og reisemål marknadsfører reiselivsprodukta, og kva distribusjons- og marknadsføringskanalar som blir nytta. Studentane skal gjerast kjende med økonomistyring i reiselivsverksemder og reiselivsorganisasjonar. Reiseliv og samfunnsøkonomi blir og drøfta.
Mappeevaluering med to skriftlege semesteroppgåver (samla 40 % av karakteren), munnleg presentasjon (10 %) og ein avsluttande skriftleg eksamen på 5 timar (50 %). Alle delprøver må vere bestått.
Copyright © Høgskolen i Telemark