Forkunnskaper
Ingen.
Læringsmål
Emnet skal gi ei innføring i elementær lineær algebra, dvs. studiet av lineære likningssystem og vektorrekning. Emnet er relevant i mange samanhengar som til dømes økonomi, naturfag og informatikk.
Organisering
3-4 timar undervisning i veka i vårsemesteret. Emnet blir ikkje gitt kvart studieår.
Innhold
Lineære likningssystem, matriser og determinantar, vektorrekning, plan- og romgeometri. Framstillinga er basert på utstrakt bruk av oppgåver og eksempel.
Vurderingsformer
Obligatoriske innleveringsoppgåver som må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Skriftleg eksamen, 4 timar.
