Databasar I 5602
56025602
10,00
Bachelor
Eitt semester
Ingen.
Studentane skal få grunnleggande forståing for anvending, utvikling og administrasjon av databasesystem med vekt på dataorientert systemutvikling, relasjonsdatabasar og SQL. Studentane skal òg få erfaring med bruk av verkty knytt til databasesystem.
6 timar forelesingar, øvingar og rettleiing pr veke i haustsemesteret.
Anvendingar av databasesystem. SQL og relasjonsmodellen. Dataorientert systemutvikling (datamodellering) med E/R, realisering av E/R-modellar som relasjonsdatabasar og normaliseringsteori. Introduksjon til fysiske lagringsstrukturar med vekt på indeksar. Utvikling av enkle databaseapplikasjonar. Databaseadministrasjon med vekt på brukaradministrasjon. Systemarkitekturar og viktige funksjonar i eit databasehandteringssystem. Introduksjon til objektorienterte databasesystem og web-databasar.
To 1-timars individuelle, skriftlege undervegsprøver og ei individuell, skriftleg 3 timars sluttprøve. Undervegsprøvene tel 40 % av samla karakter og sluttprøva tel 60 %. Alle delprøver må vere bestått.
Copyright © Høgskolen i Telemark