Forkunnskaper
Ingen.
Læringsmål
Studiet skal gi kompetanse i spansk språk og kultur tilsvarande B-språk. Studiet skal gi grunnleggjande innsikt i hisoriske, kulturelle, politiske og samfunnsmessige forhold i Spania og i Latin Amerika.
Emnet rettar seg mot studentar innanfor reiseliv og internasjonal marknadføring og andre som vil tileigne seg grunnleggjande kjennskap til spansk skriftleg og munnleg.
Organisering
4 timar i veka i haust- og vårsemesteret. Forelesingar, gruppearbeid, individuell heimeførebuing med med frivillige innleveringar, mnnlege presentasjonar, oversetting og diskusjonar
Innhold
Studentane skal forstå og formidle innhalde i ulike typar skriftlege og munnlege tekstar på spansk. Studiet legg stor vekt på munnleg kommunikasjonskomptanse og vil derfor fokusere på dialog og samtaleøvingar i grupper i tillegg til grammatikk og skriftlege øvingar.
Vurderingsformer
Ein skriftleg og ein munnleg eksamen i vårsemesteret som tel 50 % kvar. Alle delprøver må vere bestått.
