Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

« Tilbake

Generell kjemi 4101

4101
Fakta om dette emnet
Emnekode:
4101
Antall studiepoeng:
10,00

Forkunnskaper

Undervisninga tar utgangspunkt kjemien i Naturfag I i vidaregåande skule

Læringsmål

Etter fullføring skal studentane kunne vurdere problem av generell kjemisk natur. Vidare skal dei kunne gjennomføre enklare kjemiske utrekningar og laboratorieanalysar. Emnet skal gi grunnlag for å forstå mange av dei kjemiske prosessane som skjer ute i naturen.

Organisering

55 timar forelesingar, 20 timar rekneøvingar.
Obligatorisk: 27 timar laboratorieøvingar og 22 timar kollokvium.

Oppgåvene til kollokvia vil bli gitt ut før alt stoffet som oppgåvene dekker, er forelese. Dette vil gjere at studentane må sette seg inn i stoffet før forelesingane blir haldne. Forelesingane vil dermed bli ein slags repetisjon.

 

Innhold

Følgjande tema blir gjennomgått:

  • Støkiometri, gassar og kjemiske likevektar
  • Atomstruktur, kjemiske bindingar og intermolekylære krefter
  • Lewis-notasjon og VSEPR-teori
  • Syrer og basar, bufferar, titrering og løysingsevne
  • Termokjemi
  • Elektrokjemi
  • Fasediagram, løysingar og kolligative eigenskapar
  • Reaksjonsfart.

Laboratoriekurset inneheld øvingar av generell kjemisk karakter og analysar av stoff frå naturen og dagleglivet.

Vurderingsformer

Det blir gitt karakterar på to delprøver med mappevurdering. Ei midtprøve (3 timar) tel 40 % og ei sluttprøve (4 timar) tel 60 % av endeleg eksamenskarakter. Ikkje gyldig fråver på ei av delprøvene gir karakteren F på denne. Denne delkarakteren blir slått saman med den andre delkarakteren.

Pensum

Se: Pensumlister