Praktisk norsk i forvaltninga 2150
21502150
5,00
Bachelor
Eitt semester
Ingen
Studentane skal få kunnskapar om og øving i å bruke godt språk i ulike kommunikasjonssituasjonar, og særleg i forvaltninga. Kurset er nyttig for alle som vil skrive betre på eksamen, i semesteroppgåver, prosjektrapportering o.a., og for dei som seinare skal bruke språket i offentleg teneste, næringslivet og samfunnet elles.
Det blir lagt vekt på korleis ein uttrykker seg presist og korrekt, og korleis ein disponerer eit stoff. Deltakarane skal såleis få øvd opp evna til å framstille eit emne, gjere greie for problem som er knytte til emnet, og argumentere for eigne synspunkt. Det blir henta døme frå relevante forvaltningsområde.
Haust- eller vårsemester, etter nærare kunngjering. 2 veketimar i 10 veker. Forelesing, seminar, praktiske øvingar. I tillegg kjem individuell rettleiing.
Oppøving i å bruke norsk som forvaltningsspråk.
To skriftlege innleveringar, som skal vere godkjende. 4 timars sluttprøve med graderte karakterar. Sluttprøva må vere bestått. Målform: bokmål eller nynorsk etter eige val.
Copyright © Høgskolen i Telemark