Kreativitet og kommunikasjon 3300
33003300
10,00
Bachelor
Eitt semester
Som for studiet.
Studenten skal:
Obligatorisk frammøte, minst 80% deltaking i undervisninga. Ved fråvær på over 20% i undervisningsperioden vert ikkje faget godkjent uansett grunn til fråver.
Kurset er delt inn i fire bolkar:
Bolk 1. Gruppedynamikk og kommunikasjon
Generell kommunikasjonsteori og bevisstgjering av kommunikasjonsprosessar gjennom refleksjon i samband med praktiske øvingar. Studenten skal få auka innsikt i høve til verbal og ikkje-verbal kommunikasjon.
Gjennom leik, øvingar og analyse av gruppedynamikk skal studenten reflektere over prosessar
og si eiga rolle i gruppa.
Bolk 2. Språk og tekst
Kreativ skriving og yrkestekstar. Gjennom arbeid med ulike tekstar skal studenten tileigne seg kunnskap om og forståing for korleis ulike genrar kan nyttast i formelle og uformelle samanhangar (t.d. prosjekt, søknad, referat, essay). Studenten skal bli klar over kva han/ho treng å arbeide med for å betre evna til å uttrykkje seg skriftleg.
Bolk 3. Scenisk eredskap
Presentasjon og tale. Studenten skal øve opp munnleg uttrykksevne gjennom
presentasjon av eigne arbeid. Gjennom praktiske øvingar skal studenten få innsikt i
kroppspråk og stemmebruk og styrke evna til scenisk formidling.
Bolk 4. Prosjekt
Studenten skal få praktisk erfaring med rolla som iscenesettar gjennom gruppearbeid med
kulturproduksjon i samband med konkrete (fiktive) prosjekt. I prosjektperioden vil erfaringar
frå dei tidlegare delkursa aktiviserast gjennom praktiske oppgåver: samarbeid i grupper og
kommunikasjon, skriftlege yrkestekstar, innhenting av informasjon og munnleg
presentasjon i gruppe.
Bolk 1 vil bli evaluert i høve til stått/ikkje stått. Minst 80% frammøte.
Bolk 2 vil bli evaluert med karakter stått /ikkje stått på grunnlag av to innleverte skriftlege tekstar. Bolk 3 vil bli evaluert med karakter stått/ikkje stått på grunnlag av individuell munnleg presentasjon. Bolk 4 vil bli evaluert i høve til stått/ ikkje stått på grunnlag av skriftleg oppgåve og munnleg presentasjon i gruppe.
For heile faget gjeld obligatorisk frammøte på minst 80% for å få faget godkjent. Sluttrapport med karakter stått /ikkje stått.
Copyright © Høgskolen i Telemark