Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

« Tilbake

Kunst- og kulturhistorie 3302

3302
Fakta om dette emnet
Emnekode:
3302
Antall studiepoeng:
20,00
Nivå / grad:
Bachelor
Emnets varighet:
To semester

Forkunnskaper

Ingen

Læringsmål

Studenten skal tileigne seg grunnleggjande kunnskapar om og forståing for norsk og europeisk kunst- og kulturhistorie dei siste 250 åra. Dei skal kunne gjere greie for og syne innsikt i kulturelle tema, og kunne relatere desse til andre samfunnstilhøve i samtida. Vidare skal dei kunne gjere greie for sentrale epokar og retningar innanfor ulike kunstartar, og for kunsten sin plass i samfunnet. Dei skal òg kunne syne korleis idéar og førestellingar kan komme til uttrykk i kunsten.

Organisering

Forelesingar, gruppearbeid og fagturar fordelte over to semester. Til emnet er det knytt obligatoriske arbeidskrav som skal vurderast til stått/ikkje stått.

Innhold

Kurset gir ei fyrste innføring i europeisk og norsk kunst- og kulturhistorie i tidsromet 1750-2000, og omfattar følgjande hovudtema/-delar:

Hovudtrekk i økonomiske og sosiale endringar
Sentrale trekk ved samværs- og samarbeidsformer i bygd og by
Idéar og førestellingar
Framveksten av sentrale kunst- og kulturinstitusjonar
Rolla til kunsten og kunstnaren i samfunnet
Sentrale epokar og retningar i kunstartane: Biletkunst, arkitektur, musikk, litteratur

Vurderingsformer

Obligatorisk skriftleg oppgåve som tel 30 % av samla karakter. Skriftleg individuell 5-timars eksamen som tel 70 %. Graderte karakterar. Både arbeidskrav, oppgåve (30%) og slutteksamen (70%) må vere stått for å få stått i emnet.

Pensum

Se: Pensumlister