Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

Studieomtaler 2006/2007 / Emner / AF / Institutt for kultur- og humanistiske fag / Natur, kultur og menneske - natur og menneskesyn gjennom tidene 3354
« Tilbake

Natur, kultur og menneske - natur og menneskesyn gjennom tidene 3354

3354
Fakta om dette emnet
Emnekode:
3354
Antall studiepoeng:
10,00
Nivå / grad:
Bachelor
Emnets varighet:
Eitt semester

Forkunnskaper

Ingen

Læringsmål

Kurset gir eit oversyn over synet på natur og menneske slik det har endra og utvikl seg i vestleg tenking frå oldtid og bibelsk tid fram til i dag. Idear om natur og menneske og deira historie blir drøfta i lys av dei hovudstraumane og -brytningane som pregar vestleg tenking generelt (jfr. oversiktskurset). Ikkje-vestlege natur- og menneskesyn blir også drøfta. Ein del av kurset er via dei tankane om natur og menneske som har vore sentrale i norsk folkeleg tradisjon og i danninga av ein norsk identitet. I tillegg til at kurset kan telje i ein humanistisk bachelor-grad, vil kurset eigne seg for høgskolen sine studentar i natur- og miljøvernfag og idretts- og friluftslivfag.

Organisering

Forelesingar og seminar 3 - 4 t/v

Innhold

Sentrale idear og tema er: monisme og dualisme i syn på menneske og natur; naturlovmessighet og rettferd; det naturgitte og det menneskeskapte; naturen som skaparverk, det mekanistiske verdsbilete; natur i folketradisjon; natur og nasjonal identitet; natur i litteraturen, naturalisme og menneskesyn.
Studentane skal arbeide ut ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalas med rettleiar.

Vurderingsformer

Undervegsevalueringa i emnet vil femne om skriftlege prøver og/eller innleveringar som til saman tel 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Graderte karakterar.

Pensum

Se: Pensumlister