Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

Studieomtaler 2006/2007 / Emner / AF / Institutt for kultur- og humanistiske fag / Kulturøkonomi/marknadsføring 2582
« Tilbake

Kulturøkonomi/marknadsføring 2582

2582
Fakta om dette emnet
Emnekode:
2582
Antall studiepoeng:
15,00
Nivå / grad:
Master
Emnets varighet:
Eitt semester

Forkunnskaper

Opptakskravet til masterstudiet

Læringsmål

Formålet med kurset er å gi studentane grunnleggjande innsikt i fagfelta kulturøkonomi og kulturmarknadsføring. Ein skal for det første studere korleis generelle samfunnsøkonomiske tenkjemåtar og modellar kan nyttast for å få betre forståing av strukturar og prosessar på kulturfeltet. Ein vil òg studere økonomien på ulike delfelt av kulturfeltet. For det andre skal ein studere dei særskilte marknadsføringsprosessane og -strategiane som aktørar på kulturfeltet nyttar

Organisering

Emnet er obligatorisk for dei som vel valretning kulturadmistrasjon med hovudoppgåve på 45 sp. Undervisningsforma i eit fordjupingsemne er seminar, med 3-6 timar pr veke. Undervisninga går i haustsemesteret.

Innhold

Innanfor kulturøkonomidelen av kurset tek ein særleg for seg følgjande delemne:

  • Kultur og økonomi allment
  • Kulturens økonomiske verdi og kulturindustri
  • Kulturinstitusjonane sin økonomi og kunstnarane sine levekår
  • Kulturøkonomi og kulturpolitikk.

Når det gjeld marknadsføring vil ein m.a. studere følgjande delemne:

  • Kulturnæringar og marknadsføring
  • Marknadsføringsmodellar og marknadsinformasjon
  • Marknadsføring og kommunikasjonsteori
  • Kulturgode som ”produkt” og konsumentåtferd
  • Segmentering og posisjonering
  • Marknadsinformasjon.

Studentane skal få trening i å analysere økonomi og marknadsføring på kulturfeltet frå ein kritisk synsstad.

Vurderingsformer

Individuell skriftleg eksamen. Graderte karakterar.

 

Pensum

Se: Pensumlister