British Romanticism 2021
20212021
10,00
fordjupningsemne
Eitt semester
Engelsk årsstudium eller tilsvarande
Kurset har som mål å gi studentane ei brei innføring i den romantiske perioden i Storbritannia, dvs. tiåra rett før og etter 1800. Perioden var dramatisk og hadde avgjerande verknad på både politiske og kulturelle tilhøve, og kurset vil fokusere på korleis dagens tenking innan både kunst og samfunn også kan førast attende til romantiske førestillingar.
Forelesingar og seminar inntil 3 t/v. Haustsemesteret.
For å fange opp dei mange aspekta ved perioden, vil kurset bli undervist i tematiske bolkar. Ein vil gjere seg nytte av eit bredt spekter av tekster: romanar, poesi, brev, reiseskildringar og politiske, filosofiske og religiøse tekster. Blant tema ein vil kome inn på er: natursynet, kunstens og kunstnaren si rolle, geniar og heltar, politikk, religion og kvinnene si stilling. Biletkunst frå perioden vil bli nytta som supplement til tekstene.
All undervisning og studentaktivitet går føre seg på engelsk.
Det stillast krav om obligatoriske innleveringar og munnlege oppgåver.
Minst ein skriftleg innlevering skal vere bestått.
3 timars skriftleg midtsemesterprøve som tel 40% av samla karakter.
4 timars skriftleg sluttprøve tel 60%.
Både midtprøve og sluttprøve må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.
Copyright © Høgskolen i Telemark